
Hunderase:
Tibetansk Spaniel
Hundetype:
Selskapshund
Eigenskapar:
Familiehund, vakthund
Livsløp:
12-15 år
Storleik:
Liten
Opphav
land: Tibet
Heimland:
Storbritannia
Ein
Tibetansk Spaniel er ein fjellhund frå Tibet, som er eit område i Asia. Han er i
slekt med hundar som Shi Tzu, mops og Japanese Chin. Ein seier at han har fått namnet
sitt på grunn av likskapen med hunden Cavalier King Charles Spaniel. Han kom til
England på begynninga av 1900-talet, men kom ikkje til Norden før på 50-60 talet.
Ein seier
at han er «listig som ein rev, sjølvstendig som ein katt og oppfinnsam som ein
ape». Denne hunden er leiken, aktiv og full av energi. Den livlege og energiske
hunden blir ofte kalla ein stor hund i ei lita kropp. Han kan vere sjølvstendig
og sta, men han er også veldig roleg og snill. Det er en familiehund, og han
likar ikkje å vere overlate til seg sjølve for lenge av gangen. Denne hunderasen
rekna for å vere klok og kan kjede seg lett.
Det er
ein veldig lojal hund, og han kan vere litt skeptisk mot framande. Han har
vakthundeigenskapar og vil bjeffe når det kjem framande eller når han høyrar
nye lydar. Det er ein følsam rase som seies å lese eigaren sine følelsar, og
bli lei seg om nokon kranglar høglydt. Det er ein lojal hunderase som knyter
seg sterkt til eigaren eller eigarane. Sidan det er ein familiehund, går det
heilt fint at hunden er rundt barn.
Denne
hund er eigna veldig som selskapshund fordi han kjem overeins med barn, elskar kos
og er venleg ovanfor andre rasar. Denne hunden er langhåra, noko som gjer at
han krev ein del børsting og denne hunderasen er ikkje allergivenleg. Han
røyter både vår og haust og pelsen bør kjemmes minst 2-3 gangar i veka og
vaskast ved behov.
Skrevet
av Princia C. Ingabire