onsdag 11. april 2018

Tibetansk Spaniel


Bilderesultat for tibetansk spaniel

Hunderase: Tibetansk Spaniel
Hundetype: Selskapshund
Eigenskapar: Familiehund, vakthund
Livsløp: 12-15 år
Storleik: Liten
Opphav land: Tibet
Heimland: Storbritannia

Ein Tibetansk Spaniel er ein fjellhund frå Tibet, som er eit område i Asia. Han er i slekt med hundar som Shi Tzu, mops og Japanese Chin. Ein seier at han har fått namnet sitt på grunn av likskapen med hunden Cavalier King Charles Spaniel. Han kom til England på begynninga av 1900-talet, men kom ikkje til Norden før på 50-60 talet.

Ein seier at han er «listig som ein rev, sjølvstendig som ein katt og oppfinnsam som ein ape». Denne hunden er leiken, aktiv og full av energi. Den livlege og energiske hunden blir ofte kalla ein stor hund i ei lita kropp. Han kan vere sjølvstendig og sta, men han er også veldig roleg og snill. Det er en familiehund, og han likar ikkje å vere overlate til seg sjølve for lenge av gangen. Denne hunderasen rekna for å vere klok og kan kjede seg lett.

Det er ein veldig lojal hund, og han kan vere litt skeptisk mot framande. Han har vakthundeigenskapar og vil bjeffe når det kjem framande eller når han høyrar nye lydar. Det er ein følsam rase som seies å lese eigaren sine følelsar, og bli lei seg om nokon kranglar høglydt. Det er ein lojal hunderase som knyter seg sterkt til eigaren eller eigarane. Sidan det er ein familiehund, går det heilt fint at hunden er rundt barn.

Denne hund er eigna veldig som selskapshund fordi han kjem overeins med barn, elskar kos og er venleg ovanfor andre rasar. Denne hunden er langhåra, noko som gjer at han krev ein del børsting og denne hunderasen er ikkje allergivenleg. Han røyter både vår og haust og pelsen bør kjemmes minst 2-3 gangar i veka og vaskast ved behov.

Skrevet av Princia C. Ingabire

Kilder:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar